
Med krystallklar røyst og ei utstråling som treff midt i hjartet, har Ingebjørg Bratland med rette vorte omtala som ein nasjonalskatt. Vinje-bygdingen er evig knytt til udøyelege låtar som «Jul i Svingen» og «Fordi eg elskar deg», men også låtar som «Ingen som du» og «Di Ingebjørg» er prov på Bratland si samlande musikalske kraft på tvers av generasjonar. Når Ingebjørg Bratland står åleine på scena, oppstår det noko heilt eige. Det siste året har Ingebjørg vore høgaktuell på fleire frontar. Fyrsteplass på Spotify med låta «Baby, du er rå!», saman med Hagle, samstundes som ho kvar veke sjarmere nasjonen som mentor i TV 2-suksessen The Voice, for å nemne noko. Etter fleire år med ei rekordlang