
Övrigt
Finn Tokvam og Dei nye Kapellanane
Dei nye kapellanane er ei gruppe som er prøvd avvikla fleire gonger men som faen ikkje gjer seg. Gruppa speler populærmusikk på nynorsk. Namnet har dei frå Hans E. Kincks novelle «Den nye kapellanen» (1897). Karakteristisk for Dei nye kapellanane sin musikalske profil er den humoristiske koplinga mellom nynorsk tradisjon og moderne rocke- og populærmusikk. No tar dei med seg den nyfrelste ukulisten Finn Tokvam til saloon på Lille Ole Bull.